Jean-Bernard de Pointis | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 7. oktober 1645 Vouvray |
Død |
24. april 1707 (61 år) |
Yrke | kaper |
Språk | fransk |
Bernard Desjean, baron de Pointis (fødd 1645 i Bretagne, død 24. april 1707 i Paris) var ein fransk admiral og kaper.
Han tok del i marineoperasjonar i 1680-åra under Duquesne, som bombardementet av Alger og straffhandlinga mot Genova. I 1690-åra kjempa han under Tourville mellom anna i slaget ved Beachy Head i 1690.
I 1693 vart han chef d'escadre. I 1697 utførte han det største toktet sitt, raidet på Cartagena. Dette raidet vart så suksessfullt at han vart umåteleg rik og særs godt likt av kong Ludvig XIV. I 1702, etter at Jean Bart døydde, vart han utpeikt som leiar for Dunkirkers, men vart kort tid etter erstatta av Marc-Antoine de Saint-Pol Hécourt for manglande initiativ. I 1705 prøvde han å angripe Gibraltar frå sjøsida, men vart slått av John Leake i slaget ved Cabritaneset. Etter dette slaget trekte Pointis seg frå aktiv teneste.